Nyskapardagen for reiselivet

Voldsund Foto Vi ynskjer å invitere alle som driv med reiseliv eller som har interesse for reiselivet på Sunnmøre til Nyskapardagen for Reiselivet 2020.
Arrangementet er i regi av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre i samarbeid med ÅKP.

Vi ynskjer å invitere til samling for reiselivsbedrifter og interesserte på desse stadane:

27.10 kl 0900 – 1200 ved Thon Hotel Fosnavåg, for bedrifter i kommunane Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven
28.10 kl 0900-1200 ved Stranda Hotel, for bedrifter i kommunane Stranda, Sykkylven, Vestnes og Fjord
29.10 kl 0900-1200 ved Framtidslaben på NMK, for bedrifter i kommunane Ålesund, Giske og Sula

Dagsorden

  • Velkomen
  • Destinasjon Ålesund & Sunnmøre informere om sesongen som har vore og kommande sesong, prosjektarbeid og reiselivsutvikling
  • Inspirasjonsinnslag
  • ÅKP Idelab


Vi løfter blikket og ser framover for Sunnmøre som reiselivsdestinasjon. Kva posisjon ynskjer vi, kva moglegheiter og ressursar har vi som kan utnyttast betre, og er det tiltak vi kan gjere NO for å styrke oss som region både på kort og lang sikt.

ÅKP Idelab er ein styrt kreativ prosess der vi jobbar saman for å identifisere og prioritere våre, i fellesskap viktigaste, moglegheiter som reiselivsdestinasjon.

Arrangementet vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernsreglar.

Påmelding I link: https://forms.gle/k6qJLjsxZFs4p31B6

 

Elisabeth Remøy
Seniorrådgiver