
Sunniva Rosenvinge er oppvaksen på Stranda.
Vart tilsett i januar 2024 i eining for habilitering og rehabilitering.
Sunniva vart utdanna barnevernspedagog i 2015 og tok utdanning i Volda.
Ho arbeidde tidlegare i Flyktningtenesta i Stranda kommune 2017-2019, i tida 2019-2023 arbeidde ho i ein barnebustad i Ålesund kommune. Ho har no flytta tilbake til Stranda med mann og ein gut, Magnus på 1,5 år.
Kvifor flytte tilbake til Stranda?
Først og fremst for å bu nærare familie.
Så har Stranda eit mindre og tryggare miljø for sonen vår å vekse opp i.
Kva er det beste med Stranda?
Selvfølgelig alle folka som bur her!
Vi ønskjer Sunniva velkommen tilbake til Stranda!