Nytt tiltak i Regionale miljøtilskot (RMP)

 

På grunn av m.a. nytt tiltak i RMP (miljøavtale/klimarådgjeving) er det laga ny forskrift for ordninga.

I kapitlet om miljørådgjeving står følgjande:

Kapittel 7. Miljøavtale og klimarådgjeving

§ 18. Klimarådgjeving

Det kan gjevast tilskot til føretak som har gjennomført klimarådgjeving i perioden frå 15. oktober foregåande år til 15. oktober i søknadsåret. Formålet er ein heilskapleg gjennomgang av utslepp og opptak av klimagassar på garden med sikte på å gjennomføre klimatiltak. Tiltaksplan og kvittering for utført rådgjeving må leggast ved søknaden. Den som har stått for rådgjevinga må vere godkjent som klimarådgjevar av Landbruksdirektoratet. Tilskot kan gjevast for berre ei gjennomført rådgjeving per søknadsomgang. Dersom det blir søkt om tilskot for gjennomført klimarådgjeving i fleire søknadsomganger, er det eit vilkår det er utarbeidd ein ny og oppdatert tiltaksplan. Tiltaksklasser: ein-til-ein-rådgjeving med høg sats, ein-til-ein-rådgjeving med lav sats, grupperådgjeving.

Tilskotet blir fastsett per rådgjeving.

Du finn meir om klimarådgjeving ved å trykke her (PDF, 157 kB)

Det er no også laga laga kart over områda Verdfulle jordbrukslandskap (ordninga Slått av lokalt verdifulle jordbrukslandskap) slik at det er lettare å finne om eit areal/bruk ligg innanfor området som gir rett til dette tilskotet.

Området er definert slik:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Heile Geirangerbygda og alle fjordvendte gardar på begge sider av fjorden frå og med Ljøen til og med Liene, vidare på nordsida av fjorden frå og med Ansok til grensa mot Fjord kommune.

Søknadsfristar 2021

Søknadsportalen opnar 15. september og søknadsfristen er 15. oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november. Utbetaling skjer i mars påfølgjande år.