Ønskjer du å bli sterkare og stødigare?
Ønskjer du å fungere heime lengst mogleg?
«Sterk og Stødig» er eit førebyggande treningstilbod for heimebuande eldre (65+). Hovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Treninga passar for deg som kan gå utan hjelpemiddel innandørs, men til tider kjenner deg ustø. Treninga vil skje 1 gong i veke og vil vare 1t. Gruppa drivast av sertifiserte frivillige instruktørar med rettleiing frå kommunal fysioterapeut.
BLI MED, DU OG!
Oppstart Hellesylt: Tysdag 04.03 kl. 11:00 - 12:30
Kvar: Kjellaren på Sunnylven omsorgssenter
Oppstart Liabygda: Måndag 10.03 kl. 11:00 - 12:30
Kvar: Liabygda omsorgsbustad
Møt opp eller ta kontakt med kommunefysioterapeut og Sterk og Stødig veileder
Abegail Helland: E-post: abegail.helland@stranda.kommune.no tlf.: 464 11 173