Oppstartmøte i prosjektet "Det store bildet"

  

Stranda kommune inviterer til mobiliseringsmøte i forprosjektet "Det store bilde", som er eit prosjekt som har til føremål å kartlegge handlingsrommet for utvikling av reiselivet i Stranda kommune sett i lys av skjerpa krav til reduksjon av utslepp i verdsarvfjordane fram mot 2026.

ÅKP AS er tildelt oppdraget med å fasilitere gjennomføring av forprosjektet, etter vedtak i kommunestyret den 18.12.2019 i sak 142/19: Det store bildet.

Mobiliseringsmøtet har til føremål å sikre god og brei forankring hos alle aktørar denne saka er relevant for og å sikre oversikt over aktuell kunnskap og data om utfordringa i prosjektet.

Stranda kommune ønskjer å få kartlagt følgjande:

  1. Moglege handlingsrom for reiselivet i kommunen fram i mot, og etter, 2026.
  2. Kva ulike strategiske val i verdsarvområdet kan gi av konsekvensar for næringslivet i regionen.

Dette skal gjerast gjennom å skissere berekraftige verdikjeder på sjø og land basert på aktuelle scenario framover mot og etter 2026.

Kartlegginga vil bli gjennomført som eit forprosjekt som skal kunne vidareførast i eit hovudprosjekt der ein går nærmare inn i ei eller fleire av dei problemstillingane og/eller moglege løysingane som vert skisserte i forprosjektet. Eit eventuelt hovudprosjekt vil bli lyst ut som offentleg anskaffing.

Dagsorden for møtet:

  1. Det store bildet: Kort om utfordringa og bakgrunnen for prosjektet (Jan Ove Tryggestad, ordførar, Stranda kommune)
  2. Prosjektgjennomføring: Kort om metode og gjennomføring (Oddbjørn Hatløy, prosjektleiar, ÅKP)
  3. Mål og avgrensingar for prosjektet: Kva skal forprosjektet levere (Oddbjørn Hatløy, prosjektleiar, ÅKP)
  4. Open dialog: Innspel til viktige forhold som bør trekkjast inn i prosjektet (Alle)
  • Dato         :          3. februar, 2020
  • Tidspunkt :          Kl. 12:00-14:30
  • Stad         :          Storfjord kulturhus
     

Dette er eit ope møte, dvs. at alle som ønskjer det kan delta. Som de ser er det sett av tid til å kome med innspel, så har du gode idéar - ikkje nøl med å late oss få ta del i dei.