Orientering om koronasmitte-situasjonen

 

Ein person busett i Stranda blei bekrefta CoVid-19 positiv onsdag kveld 09.12 og sett i isolasjon. Smittesporingsteamet har jobba på spreng med å informere og varsle nærkontakter om karantene og testing og å kartlegge situasjonen, som vi enno ikkje har full oversikt over.  
Vedkomande hadde besøkt Ocean Restaurant laurdag, restauranten hadde navnelister. Vi er usikre på om dei er fullstendige og korrekte. Om nokon har vore på Ocean Restaurant laurdag, og ikkje blitt oppringt, må ein gå i karantene og ta kontakt med Stranda legekontor på tlf 464 11 047 for vidare rådgiving og testing

Til  kl 1030 i dag er over 100 personar sette i karantene i Stranda. Det er teke 115 testar og testing pågår for fullt vidare. Slik situasjon er ny for oss, men vanleg i svært mange andre kommunar

Kommunen vurderer heile tida utfordringsbildet og risikoar. Ut frå eit «Føre-var» prinsipp har vi valgt å stenge Stranda omsorgssenter og Sunnylven omsorgssenter for besøkande, førebels til og med mandag 14.12 og å teste brukarane i «Hab-Rehab eininga» Aktuelle skular hevar beredskapsnivået. 

Andre «Føre-var» prinsipp er at alle  brukar sunn fornuft og skjerpar sine smittevernrutiner, spesielt ved å halde god avstand og god smittehygiene. For nokre kan bruk av heimekontor og sterk avgrensing i kontakten med andre være eit viktig tiltak.

Om mennesker som har vore nærkontakt til nærkontakter får influensaliknande symptomer må dei gå i sjølvpålagt karantene og ta kontakt med legetenesta for rådgjeving og testing. 

Ny informasjon vil bli lagt ut på kommunen si heimeside i kveld.