Orientering (veke 51) om koronasituasjonen i Stranda kommune framfor jul og nyttårshelg

 

Ikkje påvist ny smitte i Stranda 
Vi har tidlegare vore forskåna frå koronasmitte i Stranda! Men så kom vårt andre diagnostiserte tilfelle den 09.12.20. Ut frå mulegheit for vidare smitte hadde det eit mykje større omfang enn det første. I alt vart 93 personar satt i karantene her i kommunen og 14 i andre kommunar. Totalt blei 139 nærkontakter og nærkontakter til nærkontakter testa her og 13 i andre kommunar og alle testane var negative. Kjempebra at vi ikkje har indikasjonar på at smitten er blitt ført vidare. 

Stor takk til dei som har teke ansvar, til dei som har hatt ulemper og dei som har jobba!
Mange gikk også  i sjølv-pålagt karantene og mange let seg teste utover dei smittesporingsgruppa ba om. Stor takk til alle som tok ansvar, og spesiell takk til dei som har hatt ulemper av å måtte gå i karantene. Så lenge vi ikkje har virksam vaksine er det kun gjennom aktivt og tidkrevjande smittesporingsarbeid og karantenetiltak,  at vi kan slå ned smitten lokalt og hindre at landet må stengast ned igjen. Det ville ha hatt betydeleg større konsekvensar om vi ikkje hadde hatt eit godt og effektivt smittesporingsarbeide her inkludert god hjelp av Røde Kors Hj. i forbindelse med testing og ekspress-bringing av prøver til analyse.
No har også Stranda blitt ein del av landet, som er prega av store lokale utbrot. Så vi ballanserar på stram line også her hos oss. Smitten har rykka oss nærare. Gjer difor inderleg vel: senk ikkje skuldrane, men hald fram det flotte smitteførebyggande arbeidet! Ver merksame og gjer så godt vi kan alle for å følgje råda og førebygge smitteutbrot heile tida, og særleg i samband med jule- og nyttårshelga inntil vi får ei verksam vaksine.

Oppløftande forvarsel om koronavaksine.
Kommunen har fått forvarsel og beskjed om å planlegge vaksinering først på det nye året. Dato ikkje sagt, men jan-febr er muleg. Alt tydar på at vi får Pfizer/Bion-Tech vaksinen, som settast i to dosar med 3 vekers mellomrom. Opplegg om lag som vi hadde i haust for sesonginfluensa. Dei eldre på institusjonane og personar over 65 år både i og utanfor risikogruppene vil får høgast prioritet. Deretter personar mellom 18 og 64 år i risikogruppene. Helsepersonell med pasientkontakt vil bli prioritert, kor høgt desse blir prioritert er avhengig av utviklinga i smittebildet.  Håpar at ei effektiv vaksine etterkvart vil avslutte ein svært smertefull periode i historia vår.

Ei annleis jule og nyttårshelg - men god likevel vonar vi!                                                              
Vi kan gle oss over at det blir både jule- og nyttårshelg også i år, men annleis, med store moglegheiter til å gjere det beste ut av situasjonen. Regjeringa ber om at vi begrenser tal mennesker vi har kontakt med gjennom heile jule- og nyttårshelga, og ikkje minst i førjulstida. Dei opprettheld tilrådinga om at ein  kun kan ha fem gjester til over nyttår, men opnar likevel for inntil 10 gjestar på to av dagane. 

Avstandsreglane                                                                                                                                  
gjeld gjennom heile selskapet og heile jula: frå gløggen blir servert, til ein setter seg til bords. Når gåvene blir delt ut. Og når kaffien og julekakene kjem fram.

Heim til jul                                                                                                              
Kommuneoverlegane på Sunnmøre har utarbeidd nokre råd som kan hjelpe til med at juleferien både kan verte den høgtid og samlinga vi ønskjer, og at det vert trygt smittervermessig:

  • Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontakter med andre som råd er.
  • Pass på godt smittevern når du reiser.
  • Ha gjerne eit ferskt testresultat før du reiser heim. Vi rår til er at du tek ein test ved teststasjonane våre med det same du kjem hit..
    Du må bestille time på førehand; Ring Stranda legekontor eller bestill på nettet 1-2 virkedagar før du kjem. (Sjå kommunen si heimeside)
  • Dei 2-3 første dagane etter du kjem, i alle tilfelle til du har svar på testen, skal du ha kontakt berre med din næraste famile der du bur. Besteforeldre og venner får vente på deg disse dagane.
  • Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap!

Eldre og sjuke på institusjonar og omsorgsboligar.                                                                        
Vi har gått så langt vi kan for å tilrettelegge slik at dei eldre og sjuke kan få sårt tiltrengt besøk i smittevernmessig betryggande former i jula. Vi vonar sterkt at dette skal fungere godt!  Gjer vel å sette deg nøye inn i og følge reglane , som ligg på Stranda kommune si heimeside. Vi må likevel førebu dei eldre og pårørande på at om smittesituasjonen brått blir utrygg, slik den nettopp var, kan det føre til stenging. 

Bruk alle gode moglegheiter.                                                                                                          
Rundt oss ligg ein vakker natur og ventar på turglade mennesker. Ein kan trygt samlast rundt eit bål eller bålpanne og kanskje kan det bli skitur i opne skiløyper på Strandafjellet før juleselskapet? Til orientering er det godt samarbeid og sterke ønsker om å få til ein smittevernmessig trygg alpinsesong.


Arne Gotteberg 
Kommuneoverlege