Påfyll av midlar til hoppid.no

 

I samband med koronapandemien har fylket fordelt ekstramidlar til kommunane for å stimulere til nyskaping og etablering av nye satsingar.

Stranda kommune fekk ca. 85 000 kr av den samla potten. Næringssjef Inge Bjørdal oppmodar folk som går med idear om å søkje midlar.

Du søkjer på www.regionalforvaltning.no

Reglane for bruk av desse midlane finn du her (PDF, 227 kB)