Påminning om innlevering av hjortekjever

Stranda kommune minner alle jegerar og jaktlag om at det skal leverast inn kjevar frå all felt hjort under hjortejakta 2026.

Kjevane skal vere merkte, reinsa og tørka før innlevering. Merkelappen må fyllast ut fullstendig. Det er sendt ut merkelappar til hjortevalda, og dei som treng fleire kan ta kontakt med kommunen. For enklare handtering oppmodar vi om å bruke pappaskar og gjerne sortere kjevane etter alder og kjønn.

Innsamlinga er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for hjorteforvaltninga i Stranda. Gjennom analysar av mellom anna alder, tannslitasje, vekt, fellingsdato og kjevelengd får kommunen verdifull informasjon om utviklinga i hjortestamma, beitepress, kondisjon og jaktuttak. Resultata vil òg bli samanlikna med data frå andre kommunar og ulike leveområde.

Alle jegerar og jaktlag blir oppmoda om å sørgje for at kjevane vert tekne vare på og leverte til hjortevaldet, som deretter leverer vidare til kommunen innan fristen.

Har du spørsmål om ettersøk eller andre forhold knytt til hjortejakta, kan du kontakte skogbrukssjef Asle Johan Bergseth Konnerth på telefon 464 11 024 (SMS kan sendast når som helst).

Nytt av året: Viltressurslova har no trådd i kraft.

Stranda kommune takkar for godt samarbeid og ønskjer alle jegerar ei god og trygg jakt.