Pressemelding - Hellesylt Hydrogen Hub

 

Foto: Per Eide

Hellesylt Hydrogen Hub, eit konsortium av leiande aktørar innan hydrogenfeltet, er tildelt  37,6 MNOK frå finansieringsordninga PILOT-E, for utvikling av ei heilskapleg verdikjede for produksjon, lagring og levering av grønt hydrogen til ferjer og cruiseskip i Geirangerfjorden. Lokal produksjon av hydrogen ved bruk av innestengt elvekraft, legg til rette for at transportsektoren kan omstille seg til nullutslepps-løysingar både på Geirangerfjorden og i omliggjande område.

Konsortiet er leia av Flakk Gruppen i Ålesund med Hexagon Composites (høgtrykksløysingar for lagring og transport av hydrogen), Hyon (integrerte hydrogenløysingar), TAFJORD (straumleverandør), Fiskerstrand (skipsdesign og verft), Gexcon (sikkerheits- og risikoløysingar), SINTEF (forskingsinstitutt) og Stranda kommune som sentrale samarbeidspartnarar.

Geirangerfjorden, som er eit UNESCO verdsarvområde, mottek årleg om lag 800 000 besøkande. Av desse utgjer om lag 360 000 cruiseturistar. For å redusere dei lokale utsleppa, er det vedteke å innføre krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane innan 2026.

Prosjektet vil starte opp i januar 2020, med sikte på levering av grønt hydrogen seinast i 2023. Hydrogenproduksjonen vil skje ved delvis bruk av innestengt vasskraft i Sunnylven (Hellesylt). Konvertering av ferjene som opererer mellom Hellesylt og Geiranger til hydrogendrift vil gi nullutslepps-løysing og redusere CO2-utsleppa i Geirangerfjorden med
2 370 tonn per år. Produksjonsanlegget vil også kunne levere hydrogen til lastebilar, bussar og andre køyretøy i regionen.

PILOT-E ordninga er ei finansieringsordning for norsk næringsliv lansert som eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Enova SF. Målet med ordninga er å fremje raskare utvikling og distribusjon av nye, miljøvennlege energiteknologiar og tenester for å medverke til å reduserte utslepp både i Noreg og internasjonalt.
 

For Stranda kommune betyr tildelinga svært mykje, m.a.:

  • Det opphavlege hydrogenprosjektet på Hellesylt frå 2016 har nådd ein avgjerande milepåle
  • Prosjektet vil gi ringverknader ikkje berre i Stranda kommune, men også regionalt (verftsindustri)
  • Kommunen får mulegheit for å stette kravet om utsleppsfri ferjetrafikk og anna fjordtrafikk som er viktig med tanke på å halde verdsarvstatusen ved lag
  • Prosjektet er ei svært god og tidsrett oppfølging av utlysinga av ny konsesjon for ferja på verdsarvfjorden der Møre og Romsdal fylkeskommune gjekk langt i retning av å krevje nullutslepp
  • Prosjektet vil gi næringsutvikling i ein del av kommunen (Sunnylven) der det er trong for nye og fleire arbeidsplassar og meir variert næringsliv
  • Prosjektet kan bety sikrare økonomi for småkraftverka i området
  • Prosjektet er nyskapande med tanke på alternativ utnytting av såkalla innestengd kraft, og prosjektet vil ha stor overføringsverdi til andre område av landet med dei same utfordringane

For ytterlegare informasjon, ta kontakt med:

Flakk Gruppen AS

Stranda kommune