Pressemelding - Stranda kommune med solid økonomisk resultat for 2025

Stranda kommune med solid økonomisk resultat for året


Stranda kommune sitt ureviderte rekneskap for 2025, viser eit netto driftsresultat på 20,2 millionar kroner. Kommunedirektør og ordførar uttrykkjer stor glede over at kommunen går ut av året med eit så solid overskot.  Kommunen sitt disposisjonsfond vil etter dette utgjere 4,4% mot målsatt minimum 10 % av brutto driftsinntekter.


– Dette er eit resultat vi som kommune kan vere stolte av, seier ordføraren. Det syner at vi har hatt god styring, ansvarlege prioriteringar og eit tett samarbeid mellom administrasjon, tilsette og dei folkevalde. Overskotet gjev oss betre handlingsrom framover, og det er svært gledeleg.


Det positive resultatet kjem som ei kombinasjon av stram økonomistyring, moderate driftskostnader og enkelte inntekter som har vore høgare enn forventa. Kommunen understrekar samstundes at sjølv med eit godt årsresultat, vil behovet for langsiktig og berekraftig økonomistyring halde fram.


– Vi skal bruke dette overskotet klokt, seier ordføraren. Det betyr ikkje at vi utan vidare kan auke forbruket, men at vi no står sterkare rusta til å møte framtidige utfordringar og sikre gode tenester til innbyggjarane i Stranda.

Kommunen vil leggje fram meir detaljert informasjon om rekneskapen i samband med den årlege politiske handsaminga, etter at rekneskapen er revidert.