Pressemelding - Veslefrikk-pris 2017 til Sunnylven skule Publisert av Synnøve Lindset Publisert 21.04.2017 14.47 Stranda kommune gratulerer 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule med tildelinga av årets Veslefrikk-pris 2017. Årets deltaking var rekordstor og det er difor svært gledeleg at elevane gjekk av med denne høgthengande prisen. Sunnylven skule var også i finalen med 3. og 4. klasse og vidareførte dermed tradisjonen om finaledeltaking frå tidlegare år. Det gode arbeidet i kulturskulen i Stranda kommune gjev stadige positive opplevingar, og våre gratulasjonar går også til alle som bidreg til dette. Les om Veslefrikkprisen her: http://musikkfaget.no/veslefrikkprisen/ Stranda, 21.04.2017 Med vennleg helsing ein stolt ordførar i Stranda kommune Jan Ove Tryggestad