Redesign: Bli inspirert til å sy!

Samlaget Stranda folkebibliotek har invitert forfattar og IG-profil Christine Schwarz til å halde eit inspirasjonsforedrag om redesign måndag 23. mai kl. 19:00.

Sy om eller sy nytt

Skap di heilt unike garderobe med eller utan symaskin.

Sy om kleda dine eller sy nytt av gamle tekstilar og skap ein miljøvennleg og unik garderobe. Christine Schwarz viser deg korleis du kan trylle fram nye plagg frå gløymde skattar. I fjor kom ho ut med boka "Redesign - sy fantastiske klede av loppisfunn og gamle plagg" og er godt kjend på Instagram under profilen "Silke og dynamitt".

Christine Schwarz (f. 1990) er oppvaksen i Basel og Florø og bur i Oslo. Ho er utdanna innanfor kultur og leiing og har tidlegare studert tekstilkunst og saum. Christine jobbar som administrasjonsleiar i forlag på dagen og syr om gamle klede på kvelden.

 

Gratis og ope for alle  

Arrangementet skal vere på "Hygge" måndag 23. mai kl. 19:00. 

Foredraget er gratis og ope for alle, også deg som ikkje har syerfaring men som kanskje har lyst til å prøve. Har du eit redesignprosjekt som du ikkje kjem vidare med, ta det med deg på arrangementet.

Forfattaren skriv i ein e-post til biblioteket: 

 

 

 

 

 

 

  Samlaget     Samlaget   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kaféen på «Hygge» vil vere open med enkel servering.

 

VELKOMEN!

 

 

Arrangementet er ein del av Litteraturhus i Møre og Romsdal. Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum samarbeider om å gi folk i heile fylket eit godt og variert litteraturtilbod gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebank 1 Nordvest, GassROR IKS og kommunane i Møre og Romsdal.