Stranda kommune har no fakturert termin 3/2025 med redusert meirverdiavgift på vatn, avløp og slam som gjeld frå 1. juli 2025.
Stortinget har vedteke at meirverdiavgifta for vatn og avløp skal reduserast frå 25 til 15 prosent. Dette var gjort i forbindelse med behandling av statsbudsjettet for 2025. Endringa gjeld frå 1. juli 2025.
Dette betyr at dei som betaler for kommunalt vatn, avløp og slamtømming får ein reduksjon i utgifta på kommunale gebyr. Kor mykje kvar enkelt vil “spare” vil variere etter gebyrgrunnlaget - det vil seie om du har vassmålar eller ikkje, størrelsen på boligen, kor ofte du har tømming av septiktank, og så vidare.
Også tilkoblingsgebyr på vatn og avløp får lavare mva-sats.
Når ser eg endringa på fakturaen?
Frå 1. juli vil grunnlaget på fakturaen ha 15 % merverdiavgift (mva.) på vatn- og avløpsgebyr, og gebyr for tømming av septiktanker, tette tanker og minirenseanlegg.
- Ny mva-sats kjem på 3. termin (juli, august og september). Faktura for termin 3/2025 er distribuert 27.08.2025.