Reklame og trafikkfare

Reklame langs vegen er trafikkfarleg dersom han hindrar nødvendig sikt, for eksempel i kryss eller ved gangfelt.
På fortau og gangvegar kan reklame vere til hinder for fri ferdsel, særleg for syns- og rørslehemma.

Reklame kan også skape trafikkfarlege situasjonar dersom han tar merksemda bort frå vegen og trafikken, det vil seie skaper distraksjonsfare.

Forbod mot reklame på vegen sitt eigedomsområde og på vegutstyr
Du har ikkje lov til å sette opp reklame eller anna innretning på eigedomsområdet til offentleg veg utan løyve. Forbodet gjeld mellom anna følgjande stader: Vegbane, vegskråningar, grøfter, fortau, gang/sykkelvegar, rabattar, rasteplassar, gangbruer, skiltutstyr og ulike veginstallasjonar.

Reklame eller anna innretning som er plassert på vegen sitt eigedomsområde og på vegutstyr kan fjernast utan varsel.