Vaksinering hausten 2025

Les meir her OBS! NYE DATOAR!

08.10.2025 20.32

Røykvarslarar utan batteripute bør byttast ut

 

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og DSB anbefalar at røykvarslarar utan batteripute (som hjelpe deg å sette batteriet rett veg) bør byttast ut.
Dersom batteriet vert sett inn i varslaren feil, vert batteriet raskt tappa for energi og det kan oppstå varme, røykutvikling og i verste fall brann. I tillegg gir ein røykvarslar med feilmontert batteri ein falsk tryggleik, fordi den ikkje virker slik den skal. Det er høve til å selgje røykvarslarar uten batteriputer, men bekymringsmeldingane DiBK har fått gjer at dei no går ut med ei generell oppmoding om å bytte ut alle røykvarslarar utan batteripute. Dette gjeld ikkje røykvarslarar som er levert og montert av alarmselskap.

Du kan lese meir om dette her.