Røykvarslardagen 1. desember

BLI MED PÅ TREKNING!   

Vinn ei komfyrvakt eller seriekobla røykvarslarar
I høve den nasjonale røykvarslardagen 1 desember ønsker Fjord og Stranda brann- og redningsvesen, å gi bort svært fine gåver med sponsor-hjelp frå EL 24.  EL24 vil også stå for montering av komfyrvakt der dette er eit krav.
Send oss forslag på kven du ønsker skal bli med i trekninga av 2 komfyrvakter eller seriekobla røykvarslarar, så kanskje du hjelper til å redde liv!
For at bli trekt ut som vinnar MÅ vedkomande vere busett i Fjord kommune eller Stranda kommune. Personar over 70 år blir prioritert.
Du kan nominere deg sjølv, ein pårørande, eller nokon du veit som treng dette. 
Send inn namn og kva du ønsker å vere med på trekning av, og ei grunngjeving kvifor.
Send til liaa@stranda.kommune.no   i løpet av 1 desember.
Dei heldige vinnarane vil bli publisert på kommunane sine nettsider og sosiale media

Gevinstar som blir trukke:
o    2 stk. komfyrvakter
o    4 esker med seriekopla røykvarslarar

Kvifor komfyrvakt? 


https://www.youtube.com/watch?v=zvEJbVGzNs0  


På landsbasis viser statistikken at opp mot 50% av brann- og redningsvesenets utrykningar skuldast komfyrbrannar heime hos folk. 
Å montere komfyrvakt er det beste sikkerheitstilltaket for å hindre brannar i samband med matlaging. I bustadar som er nyare enn juli 2010, eller det er gjort endringar på komfyrkursen ved oppussing, er komfyrvakt påbode. Sjølv om din bustad ikkje er omfatta av krav om komfyrvakt, så anbefalar vi alle å ha komfyrvakt i heimen, enten ein er eldre eller hektiske småbarnsforeldre. 
Komfyrvakta består av ein sensor som overvakar kokeplatene og ein straumbrytar. Hvis sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerar på alarmen, gir sensoren signal til straumbrytaren som då kuttar straumen til komfyren.

Kvifor seriekobla røykvarslarar? 


Med seriekobla røykvarslarar går brannalarmen i heile bustaden samtidig. Det er ei god tryggheit å vite at alle i familien blir varsla, uansett kor i bustaden dei er.
Seriekoblinga fungerar slik at dersom ein av brannvarslarane merkar røyk, for eksempel på kjøkkenet, varslast alle andre røykvarslarar i systemet, slik at også dei som ligg og søv på eit soverom, blir merksame på faren.
Dei fleste komfyrbrannar skjer på dagtid og rammar eldre menneske, men det er brannar som startar om natta som tek flest liv.


LENKER
Sjekk røykvarslaren: 
https://www.dsb.no/sikkerhverdag/brann/sjekk-roykvarsleren/ 

Dette bør du vite om komfyrvakt: 
https://www.dsb.no/sikkerhverdag/brann/dette-bor-du-vite-om-komfyrvakt/ 

Slik sjekkar du sløkkeutstyret:
https://www.dsb.no/sikkerhverdag/brann/slik-sjekker-du-slokkeutstyret/ 

Disse rømningsvegane må du ha:
https://www.dsb.no/sikkerhverdag/brann/disse-romningsveiene-ma-du-ha/ 

Trygg kos med levande lys:
https://www.dsb.no/sikkerhverdag/brann/trygg-kos-med-levende-lys/