Sei di meining om trafikktryggleiken der du bur!

Stranda kommune er i gang med arbeidet med ein ny trafikktryggingsplan. I samband med dette ønskjer vi innspel frå innbyggjarane om trafikkfarlege område og behov for tiltak som kan gjere kommunen tryggare for alle trafikantar.

Vi ønskjer særleg å få innspel frå foreldre og føresette om trafikktryggleiken langs skulevegane. 
Deira erfaringar og lokalkunnskap er svært viktige i dette arbeidet.

Frist for å svare på spørjeundersøkinga er onsdag 21. oktober 2026.

Svar på spørjeundersøkinga med å bruke QR-koden i bildet eller denne lenka: Svar spørjeundersøking

Vi håpar at flest mogleg tek seg tid til å svare, slik at vi får eit godt grunnlag for å prioritere framtidige trafikktryggingstiltak i kommunen.

På førehand tusen takk for hjelpa!