Skulane og barnehagane i Stranda held fram med GULT nivåKriseleiinga beslutta i dag at skular og barnehager i Stranda kommune skal halde fram med GULT nivå inntil smittesituasjonen i kringliggande kommunar er avklart. Grunngjeving: Tilsette i skular og barnehagar er ikkje vaksinert. Dei har svært lita moglegheit til å halde avstand slik vanlege arbeidstakarar kan. Dei er difor meir sårbare med tanke på smitte. Utan kohortar aukar sjansen for at mange vert omfatta av både smitte og karantene. Med siktemål om å spare barn og unge kan ein med å løyse opp kohortar for tidleg ende opp med skulestenging. Smittetrenden er aukande for Møre og Romsdal, usikker (alstå nivå 3) for Stranda og Sykkylven. Ålesund (nivå 5), Sula og Giske videreførar lokal forskrift.Les meir om trafikklysmodellen for skular og barnehagar