Smitte i Stranda - Oppdatert informasjon 27.04.21 kl. 22:45To nye smittetilfelle i kveld.Dei fire som testa positivt på hurtigtest i går, har fått bekrefta positiv PCR-test.Det vil sei at vi no har seks covid-smitta i kommunen.Tiltak som er sett i verk: Sunnylven barnehage er stengt frå tirsdag 27.04.21 til og med fredag 30.04.21. Sunnylven omsorgssenter er stengt inntill smittesituasjonen er avklart Som eit føre var prinsipp, er elevar og tilsette på mellomtrinnet 5.-7. ved Sunnylven skule sett i ventekarantene til smittesituasjonen er avklart. Føresette skal ikkje i ventekarantene. Dersom barnet ditt får symptom ha lav terskel for å teste.Alle nærkontakter og hustandsmedlemmar skal sitte i karantene/ventekarantene til dei får beskjed frå smittesporingsgruppa.Smittesporing og testing pågår. Vi minner alle om å ha låg terskel for å teste seg, ha få nærkontakter samt oppretthalde alle smitteverntiltak!Nærliggande kommunar har innført lokale forskrifter i samband med smitteutbrot i Ålesund kommune, strengaste nivå gjeld for dei som forflyttar seg mellom kommunane. Les om kva som er isolasjon, karantene og ventekarantene