Smittestatus veke 10

Det er meldt om 108 nye smittetilfeller i Stranda kommune i veke 10.

  • Om du har luftvegssymptom som nyleg har oppstått bør du teste deg for koronasjukdom.
  • Om du ikkje har symptom og bur saman med nokon som er smitta, treng du ikkje teste deg.
  • Dersom du får positiv sjølvtest heime, bør du registrere dette i kommunen sitt system for å spore smitte. Ein positiv sjølvtest blir ikkje registrert på helsenorge.no, og vil ikkje bli vist i koronasertifikatet.
  • Dersom du ikkje er fullstendig vaksinert, om du til dømes manglar oppfriskingsdose, kan du vurdere om du treng å ta pcr-test.
  • Det er ikkje naudsynt med stadfestande test for dei som har fått oppfriskingsdose (booster) eller er grunnvaksinerte og etterpå har gått gjennom koronasjukdom dei siste 3 månadane.

Om du har testa positivt på hurtigtest:

Registrer deg: https://hjemmetest.remin.no/stranda