Søknad om stimuleringsmidlar til veterinærtenester i Stranda og Sykkylven vaktdistrikt.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i orienteringsbrev til kommunane gjort greie for korleis prosessen rundt søknad på stimuleringsmidlar til veterinærdekning for 2024 er lagt opp i år.
 

Du kan lese meir om regelverket her (PDF, 150 kB)


Statsforvaltaren gjer særskilt merksam på følgjande:

«Frå 2021 vart det innført ei prøveordning med at kommunar som har hatt utfordringar med å få nok veterinærar til å delta i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid, har kunna sett vilkår om vaktdeltaking for at veterinærane skal kunne motta stimuleringstilskot. Denne ordninga blir permanent frå 2024»

Stranda og Sykkylven oppfyller dei viktigaste kriteria for å søkje (m.a. næringssvake område, utfordringar med å skaffe veterinærar til klinisk veterinærvakt).

Søknaden må grunngjevast.

Søknadsfrist: 12. februar til kommunen (Kommunen må vidare søkje Statsforvaltaren innan 20. februar).
Form: Det er ikkje eit fast skjema for dette føremålet. Send inn søknaden til administrasjonskommunen (Stranda) pr. e-post til post@stranda.kommune.no eller pr. brev til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda.