Sommarskule - Utlysing av midlar

Sommarskulen skal vere gratis for alle. Målgruppe er barn på 1. - 10. Trinn. 

Sommarskulen skal gi elevene faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i sommarferien. Gjennom praktiske øvingar og fysisk aktivitet skal barn og unge få utfolde seg på andre arenaer enn på skulen. Her skal dei få lære noko nytt, mestre utfordringar og treffe andre barn. MEN viktigast av alt – det skal vere MORO! 

Alle som vil bli med og lage sommarskule må sende inn ein søknad med prosjektskisse og budsjett. Skissa må innehalde følgjande: 

  • Beskriving av innhald og aktivitet 
  • Tidspunkt for sommarskulen 
  • Base for sommarskule 
  • Plan for transport (dersom det er nødvendig) 
  • Ansvarleg arrangør 
  • Kontonummer og eventuelt kva midlene skal merkast med. 

Søkjer må beskrive kor mange barn og unge som vil få tilbod om plass på sommarskulen, og kva klassetrinn som er målgruppa. 

Søknaden skal sendast til post@stranda.kommune.no   innan 20. mai 2021

Har du spørsmål så ta kontakt med Tone Lillebø på tlf 46 41 10 05 eller tonlil@stranda.kommune.no

Stranda kommune har allerede inngått avtale med Forskerfabrikken om Sommerlab i veke 26 og 32. Dette er eit tilbod for elevar som går  i 5. – 7. trinn neste skuleår.