Spørjeundersøking - Lokalt reiseliv og Stranda kommune som berekraftig reisemål

 

 

I høve at kommunen har starta prosessen med å resertifisere Geiranger og sertifisere det geografiske området til heile kommunen som eit berekraftig reisemål, treng vi innbyggarane si hjelp.

For å sikre at det vidare arbeidet med lokalt reiseliv ivaretek interessene og ynskja til lokalbefolkninga, hadde det vore fint om flest mogleg tok seg tid til å svare på spørjeundersøkinga.

Denne skal karteleggje kva kommunen sine innbyggjarar synest om turismen i sitt bygdelag. Videre vil informasjonen gitt på spørjeundersøkinga også vere relevant til det vidare arbeidet med å utvikle ein kommunedelplan for heilårsturisme i heile kommunen.

At eit geografisk område blir sertifisert som berekraftig betyr at reiselivsbedriftene har arbeidd strategisk og langsiktig med berekraftig utvikling i reiselivet over lengre tid. Innovasjon Norge står bak sertifiseringsordninga. Denne består av over hundre kriterium og indikatorar som reisemålet må måle, analysere og svare på før det aktuelle området blir vurdert og eventuelt godkjent som berekraftig.