Spørjeundersøking om varslingstest

Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema.

ÅTB gjennomførte ein test av varslingssystema rundt Storfjorden torsdag 02.05.19.
For å kartlegge om desse testane fungerer som dei skal, er tilbakemelding frå innbyggjarane svært viktig.

ÅTB oppmodar alle til å svare på spørjeskjemaet