Stimuleringstilskot til veterinærtenester

Søknadsfrist: 16. februar 2026

 

Kva er stimuleringstilskot til veterinærtenester?

Stimuleringstilskotet skal bidra til å sikre tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område. Det vil seie område der behovet for dyrehelsetenester ikkje er stort nok til å kunne etablere ei berekraftig veterinærpraksis. Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringstilskot og driftsstøtte, men også andre stimuleringstiltak kan vere aktuelle.

Kven kan søkje om stimuleringstilskotet?

Veterinærar som:

•    yter veterinærtenester på dagtid i Stranda kommune

•    bor eller arbeider i kommunen

•    deltek i den kliniske veterinærvakta

Føringar 

Søknadene frå veterinærane som kjem inn til kommunen, vil vere grunnlag for kommunen si søknad om økonomisk ramme frå Statsforvaltaren. Store delar av fylket har utfordringar med å sikre tilfredsstillande tilgang til tenester frå dyrehelsepersonell og er dermed i kategorien næringssvakt område. Det er derfor viktig at veterinærane engasjerer seg og søkjer i tråd med formålet med ordninga.
Tilskotet skal særleg rettast mot kommunar som har utfordringar med å sikre stabil tilgang på veterinærtenester, og som arbeider aktivt for å etablere gode, lokale løysingar. Følgjande kriterium er sentrale i prioriteringa av søknad frå kommunen:

•    Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar skal prioriterast

•    Lågt dyretal og krevjande infrastruktur bør vere blant kriteria for tildeling av tilskot

•    At det er vanskeleg å rekruttere og halde på veterinær, vil bli lagt mest vekt på

•    Stimuleringstiltaket skal vere tenleg for å medverke til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell

Stimuleringstilskot kan ikkje nyttast til finansiering av andre ordningar som får øyremerka støtte over statsbudsjettet eller jordbruksoppgjeret. Det er til dømes ikkje høve til å nytte tilskotet
til vederlag for klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid eller til å dekkje kostnader ved veterinærreiser.


Slik søkjer du

Søknaden må innehalde ei god skildring av dagens situasjon og kva utfordringar som finst.
Det finst ikkje eige søknadsskjema for denne søknaden.

Send søknad på e post til post@stranda.kommune.no eller per post til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda.

Kva skjer vidare?

Etter at søknadsfristen er ute, blir kommunen sin søknad sendt til Statsforvaltaren. Undervegs i prosessen vil vi halde dialog med veterinærar som har søkt.