Stor skogbrannfare

Det fine, varme og tørre veret vi har no om dagen har også ein bakdel, det har ført til stor skogbrannfare i vårt område.

Målepunktet i Tafjord viste den 26 april ein skogbrannindeks på 121, og den er stigande mot neste veke. Skogbrannindeks over 60 er definert som «Stor skogbrannfare». På bakgrunn av dette ber Brannsjefen om at alle utviser stor varsemd med bruk av åpen eld.

Det generelle forbodet mot bruk av åpen eld i eller i nærheita av skog og annan utmark gjeld frå 15. april til 15. september.
Forbudet gjelder ikkje der det åpenbart ikkje er fare for at eld kan spreie seg, det vil i praksis seie i høgda der det er snø.

Med åpen eld meinast  f.eks. bål, bruk av eingongsgrill, bålpanner og alt anna som skapar gnister eller flammar som kan spreiast til terreng.

I forbindelse med skogsdrift må stor varsemd utvisast, skogdriftsaktørar kjenner farane og må no fortløpande vurdere om situasjon tillet drift og bruk av kjetting. Det følgjer av aktsomheitskravet i lov og forskrift om brann.

Dersom nokon ønsker å henge opp skogbrannplakatar så ta kontakt med brannsjef Inge Teigen, mob. 464 11 033

Skogbrannindeks Møre og Romsdal: