Storfjordsambandet har fått første utkast til KVU og inviterer næringsliv i Stranda og Sykkylven til orienteringsmøteStad: Stranda - Storfjord kulturhus, møterom KalvehagenDato: Tysdag 9. april 2024Tid: 14:00 – 15:00 Utkastet til konseptvalutgreiinga (KVU) for Storfjordsambandet bekreftar at det kan vere eit vesentleg nyttepotensial og positive ringverknader i sjølve fjordkryssinga. Førebels ser investeringskostnadane ut til å vere høgare enn nytteverdiane. Derfor vil Storfjordsambandet invitere kommunar og næringsliv til å jobbe vidare med moglege løysingar for å auke realismen i prosjektet. Dei uavhengige konsulentane i Norconsult og Pure Logic som har jobba med KVU-en antydar at analysane ikkje er like positive til dei to andre delprosjekta i Storfjordsambandet; tunnelen mellom Stranda og Sykkylven, og vegforbindelsen mellom Storfjorden og Digernes på Ålesundsida.Storfjordsambandet vil ha den endelege KVU-en klar til generalforsamlinga seinare i vår, etter at dei første samtalane med kommunar og næringsliv er gjennomført.Invitasjonen vert sendt ut til bedrifter både i Stranda og Sykkylven.