Vaksinering hausten 2025

Les meir her OBS! NYE DATOAR!

08.10.2025 20.32

Stranda Energi sin talentpris for 2020

Trond Otto Berg Talentprisen for 2020 gjekk til Sondre Svorkås. Prisen vart delt ut i Storfjord kulturhus 3. juni. 

Under kulturskulen sin samspelkonsert i Storfjord kulturhus 3. juni vart Sondre Svorkås tildelt Stranda Energi sin Talentpris for 2020. Prisen er ein sjekk på kr. 10 000. 

Sondre har vist seg å vere eit unikt musikktalent i fleire kategoriar, men reknar seg sjølv fyrst og fremst som bassist. Trass sin unge alder, har han allereie sett sitt preg på musikkmiljøet i Stranda kommune igjennom framføringar på arrangement som UKM, Strandadagane og som medlem av ‘’Kor Løye’’ sitt faste husorkester.

Sondre vart introdusert til bassgitaren for berre 4 år sidan og det det er framleis hans primærinstrument, men han reknar seg no som ‘’multi-instrumentalist’’. Ved sidan av å komponere eigen musikk, trakterer han no fleire andre strengeinstrument som ukulele, balalaika og banjo. Han spiller også piano/keyboard og trommer som han bruker i eigne komposisjonar.