Vaksinering hausten 2026

Vaksinering i bygdelaga vil bli gjennomført i vekene 45 og 46.  
Les meir her

02.11.2026 11.26

Stranda Folkebibliotek utsett for hackerangrep

 

Stranda folkebibliotek er eitt av mange bibliotek i landet som er råka av dette angrepet.
Du kan låne og levere bøker som vanleg, men vi har ikkje tilgang til lånarregisteret vårt eller katalogen. Det vil seie at vi ikkje kan fornye lån eller sjå kva bøker vi har inne. Fjernlån er òg ute av drift inntil vidare.
Har du bestilt bøker frå andre bibliotek, så kan du ta kontakt for å høyre om bestillinga di har kome.