Stranda kommune er tildelt kr 250 000 frå Norges Forskingsråd

Stranda kommune søkte Norges Forskingsråd om støtte til eit forprosjekt som vi kalla Utvikling av hydrogen-løysingar og hydrogen-verdikjede med utgangspunkt i småkraftverk som har «innestengd kraft» under hovudtema Fornyelse og innovasjon i offentlig sektor. Det er ei oppfølging av trippel-H (Hellesylt Hydrogen Hub-prosjektet).
Følgjande aktørar har vore delaktige i søknaden:

  • SINTEF, avd. for Sustainable Energy Technology
  • Småkraftforeininga
  • Flakk-gruppen
  • Sunnmøre regionråd
  • Fiskerstrand verft
  • Tafjord
  • Stranda Energi

Vi har definert følgjande hovudmål (H) og delmål (D) for prosjektet:

H: Utviklingsprosjekta i den før-kommersielle fasen skal medverke til optimalisering av konsept og løysingar for utnytting av innestengd kraft hos småkraftprodusentar i fjordnære strok som har marknadspotensiale. Ein forventar at utnyttinga er størst ved å utvikle produksjonsløysingar, løysingar for infrastruktur og fyllestasjonar for hydrogen. Målet er å optimalisere verdikjeda fram til kunden (skape mest mogleg konkurransedyktig produksjon og tilgang) og dermed legge til rette for utsleppsfri transport til lands og på sjø, og anna nærings- og samfunnsaktivitet som treng fornybar energi (t.d. oppdrettsnæringa).

D 1: Legge til rette for mei bruk av hydrogen som energiberar, som ein del av den totale løysinga fram mot nullutsleppssamfunnet. Det er svært sannsynleg at også hydrogen må takast meir i bruk i tillegg til el- og batteri-løysingar.

D 2: Medverke til utslippsfrie fjordar og Verdensarvfjordar i Noreg. For Stranda kommune er det ei målsetjing (og eit krav) at Geirangerfjorden vert utsleppsfri så fort som mogleg, og at kommunen samstundes kan kan bidra til næringsutvikling i eiga kommune og eigen region.

D 3: Bidra til næringsutvikling i hydrogen-verdikjeda for å styrke Noreg som leiande nasjon innan hydrogen-produksjon, utbygging av hydrogen-infrastruktur og til å ta i bruk hydrogen for utsleppsfri transport til sjøs og på land og til anna nærings- og samfunnsutvikling. Noreg er verdsleiande innan maritim sektor, og eit teknologiforsprang på dette feltet vil m.a. styrke konkurransekrafta ytterlegere.