Stranda kommune med god plassering i Kommunebarometeret - Stranda kommune

Stranda kommune med god plassering i Kommunebarometeret

Stranda kommune ligg no på 31. plass i siste versjon av kommunebarometeret som blir utarbeidd av Kommunal Rapport. Tilsvarande plassering ved forrige hovudrapport i september 2025 var 60. plass. Stranda kommune er no plassert nest høgast i fylket, berre slått av Ulstein på ein 28. plass.

Kommunebarometeret samanliknar norske kommunar basert på 157 nøkkeltal innan mellom anna skule, helse, pleie- og omsorg, klima, økonomi- og sosialtenester.
 

Sjølv om kommunebarometeret ikkje er nokon fasit og har svakheiter slik alle slike kåringar har, må det likevel vere lov å vere nøgde med eit godt resultat denne gongen, og gi honnør til dei tilsette for den jobben som blir lagt ned kvar einaste dag. Så er det slik at vi ikkje scorar like godt på alle område, og dette kan ein bruke for å arbeide med kva ein kan gjere betre framover,  seier kommunedirektør Kurt Løvoll.

Stranda scorar særleg godt innan grunnskule (5. plass) og barnehage (6. plass). Kommunen har og høg plassering innan sosialtenesta (24. plass) og helse (31. plass).  

Kommunebarometeret viser svakast resultat innan sakshandsaming, kultur og barnevern.

Innan sakshandsaming har ein til dømes gått frå 315. plass i fjor til 260. plass no. Innan dette området scorar ein svakast som følgje av høg del av byggesøknader som er innvilga i område med restriksjonar (karakter 1), og best på gjennomsnittleg sakshandsamingstid, byggjesaker med 3 vekers frist (gått frå 256.plass til 176.plass og karakter 4).   

 

Om Kommunebarometeret

Kommunebarometeret blir utarbeidd av Kommunal Rapport og rangerer norske kommunar basert på 157 nøkkeltal fordelt på 12 sektorar.

Talgrunnlaget er mellom anna henta frå SSB si KOSTRA-database, Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og andre nasjonale databasar og fagmiljø.