Stranda kommune opphever lokale karantenekrav - Men oppmodar om å begrense reiser - Også i påska

Stranda kommune har hatt lokale karantenekrav mot reisande frå fylker sør i landet. Dette er no oppheva. Men samstundes oppmodar vi sterkt om å begrense unødvendige reiser, også i påska.

Stranda har hatt lokale karantenekrav for reisande som kjem frå 8 definerte fylker sør i landet.  Frå og med 31. mars opphever kommunen desse vedtaka. Samstundes er det viktig å følge nasjonale råd om å unngå reiser som strengt tatt ikkje er nødvendige.

Dette betyr at om du har kome frå eitt av desse 8 fylka i løpet av dei siste 14 dagane, kan du no avbryte karantenen, sålenge du er heilt frisk.

Bakgrunn for det lokale vedtaket

Dei lokale karantenebestemmelsane vart innført for å forsinke spreiinga av koronaviruset til Stranda. No vel Stranda å oppheve dette lokale vedtaket, i tråd med råda frå Folkehelseinstituttet. No er det dei nasjonale føringane du skal forhalde deg til.

Kva betyr det at det lokale karantenevedtaket ikkje blir vidareført:

  1. Lokale reiserestriksjonar mot alle nabofylker eller kommunar er oppheva. Men begrens unødvendig reising inn og ut av kommunen!
  2. Lokale restriksjonar på pendling og arbeidsreiser er oppheva.
  3. Karantene er oppheva for alle som sitter i karantene på grunn av det lokale karantenevedtaket.
  4. Du må sjekke om arbeidsgjevar har andre reglar i si verksemd og ta kontakt med den om noko er uklart.

OBS Opphevinga av lokalt karanterestriksjonar gjeld IKKJE personar som sit i karantene etter nasjonale føringar som til dømes utanlandsreise, eller enkeltpersonar som har blitt pålagt karanteneplikt grunna kontakt med smitta eller mistenkt smitteførande person.

Hald dykk oppdatert på folkehelseinstituttet sine sider. 

Uansett så ta omsyn for å unngå spreiing av smitte for din eigen del, men spesielt for utsette grupper - og hjelp oss å halde næringslivet i gang i Stranda.


Unngå reiser - også i påsken

Vi minner om viktigheita med å følge dei nasjonale råda. Unngå å utsette deg sjølv for smitte, og unngå å utsette personar i risikogruppene for smittefare.

Minner også om nye råd om å halde avstand

  • når vi er ute bør vi ikkje vere meir enn fem personar i ei gruppe. Dette gjeld ikkje dei som er i same familie/husstand.
  • Når vi er innandørs på arbeidsplassen, eller annan stad, bør vi ha minst 2 meters avstand frå kvarandre. Dette gjeld ikkje når vi er innandørs med famlilie eller personar i same husstand.

Følg også hygieneråda som gjeld til ei kvar tid.

Gjeldande karantenekrav

Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon (t.d. hoste, feber, tung pust) skal du halde deg heime til ein dag etter at du har blitt frisk. Det er også eigne karantenereglar for personar som kjem reisande frå utlandet  og også dei som har vore i nærkontakt med nokon som er smitta.