Stranda kommune ynskjer utleigebustadar med tilvisingsavtale

Stranda  kommune ynskjer å samarbeide med profesjonelle utbyggarar om etablering av utleigebustadar/leiligheiter gjennom tilvisingsavtalar. 
Vi har særskilt behov for bustader som er tilpassa ei eldre befolkning, men også andre bustadprosjekt er aktuelle.

Kva er ein tilvisingsavtale? 

Ein tilvisingsavtale er ein langsiktig avtale mellom kommunen og ein profesjonell utleigar om kommunalt disponerte bustader. Avtalen gir kommunen tilvisingsrett til inntil 40% av alle utleigebustadane i 20 år. I mindre prosjekt (4 bustader eller færre) gjeld tilvisingsretten for alle bustadane. 
Dersom kommunen ikkje har behov for å nytte bustadane i ein periode, kan dei leigast ut på det opne markedet, etter gjeldande fristar i avtalen. Det er utleigar som inngår leigekontrakt direkte med leigetakar. 
Ved nybygg, ombygging eller kjøp av utleigebustadar med tilvisingsavtale, kan ein søke lån frå Husbanken til heile prosjektet. Husbanken sine kvalitetskrav samsvarar med byggeteknisk forskrift. 


•    Meir informasjon om lån til utleigebustader - husbanken.no
 

Kva kommunen vektlegg i vurderinga 

Ved vurdering av aktuelle prosjekt, vil kommunen sjå særleg på følgande kriterium: 

  • Plassering: Nær sentrum ( i aktuell bygd )
  • Nær kollektivtilbod og sentrale tenester 
  • Aldersvennleg utforming 
  • Bustader/leiligheiter med 1 soverom og 2 soverom
  • Bustad- og bomiljøkvalitet. For bustader med livsløpsstandard vil særleg storleik på bad og funksjonalitet på bad bli vektlagt, samt heis mellom etasjar. 
  • Husleigenivå 
  • Tidspunkt for ferdigstilling 
  • Plan for uteområde og fellesareal
     

Tilbodet må innehalde

  • Presentasjon av utleigeselskap og firmaattest 
  • Plan- og fasadeteikningar 
  • Situasjonsplan

 

All informasjon som blir sendt inn vil bli handsama konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått. 
 

Søknadsprosess og kontaktinformasjon

 
Utlysing av tilvisingsavtalar er ikkje underlagt regeleverket om offentlege anskaffingar. Søknadar vert vurdert fortløpande. 


Innlevering av tilbod og spørsmål kan rettast til: