Stranda kommune har fått melding frå Telenor om oppgradering av mobilnettet på Stranda og i Sunnylven, slik at fleire får tilgang til 5G og enda betre kapasitet på 4G. Dette gjeld Hellesylt og delar av Stranda.
Telenor varslar kundar som har tenestene «trådlaust breiband» og abonnement på mobil direkte dersom dei forventar at dei mistar dekning på registrert adresse.
Oppgraderinga skjer ved at basestasjonane vert oppgradert. I området som denne basestasjonen dekker, vil det under oppgradering vere lågare kapasitet og i periodar inga dekning.
Dette gjeld kun i områder der ein ikkje har overlappande dekning frå annan basestasjon.
Arbeidet med basestasjonar i Sunnylven har oppstart 24 mai og er forventa ferdig 31 mai.
Arbeidet med basestasjonar på Stranda har oppstart 30 mai og er forventa ferdig 7 juni.
Områdekart Sunnylven:

Områdekart Stranda:
