Telenor bygger 5G - Varsel om nedetid

Stranda kommune har fått melding frå Telenor om planlagd oppgradering av mobilnettet i Sunnylven. Dette er for at fleire skal få tilgang til 5G og enda betre kapasitet på 4G. 
Telenor varslar kundar som har tenestene «trådlaust breiband» og abonnement på mobil direkte dersom dei forventar at dei mistar dekning på registrert adresse.


Oppgraderinga skjer ved at basestasjonane vert oppgradert. I området som denne basestasjonen dekker, vil det under oppgradering vere lågare kapasitet og i periodar inga dekning. 
 

Dette gjeld kun i områder der ein ikkje har overlappande dekning frå annan basestasjon.

Arbeidet med basestasjonar i Sunnylven har oppstart 20.11.25 og er forventa ferdig 30.11.25.

Områdekart Sunnylven: