Tilbod for kreftpasientar og pårørande i Stranda kommuneKven kan få tilbodet?Kvar tirsdag og onsdag mellom kl 08 -16 er du som har ein kreftdiagnose eller pårørande hjarteleg velkommen til å møte kreftsjukepleiar i Stranda kommune. Desse dagane er kreftsjukepleiar stasjonert på kontor tilknytta Rådhuset (Øyna 13). Tenesta gjeld for alle i dei 4 bygdelaga. Dette er eit lavterskeltilbod der ein ikkje treng å søkje, er gratis og uforpliktande. Kva tilbyr kreftsjukepleiar?Er lett tilgjengeleg for personar som er ramma av kreftsjukdom og deira pårørande i ulike fasar av sjukdomen.Er til hjelp for å koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best mogleg måte.Kan vere eit bindeledd mellom kommune og sjukehus og vere med på å gi heilheitleg omsorg og tryggleik.Tilbyr samtalar, råd og rettleiing etter behov og ynskje. Både til pasient, pårørande og helsepersonell.Ta kontakt med kreftsjukepleiar Reidun Flydal Tlf: 46411141 eller på e-post reidun.flydal@stranda.kommune.no Velkommen