Tildeling av Stranda Energi sin talentpris for 2019

Klikk for stort bileteTalentprisvinnaren 2019 Renate Furre Henriksen-Sandvær/Sunnmøringen Talentprisen for 2019 vart tildelt motorcrosskøyraren Sakarias Røyr Hovde. 

18 år gamle Sakarias har vore aktiv i idretten motorcross/MX sidan han var 5 år. Han utpeikar seg i dag med pallplasseringar i regionale og nasjonale løp. I 2019 var hans beste plassering 2. plass i NM i MX-junior 125 cc. Sakarias har også delteke i internasjonale løp i utlandet, der han har oppnådd lovande plasseringar. Sakarias er elev ved idrettslinja på Stranda vidaregåande. 

Prisen på kr. 10.000 vart delt ut av Stranda Energi under 17. mai-markeringa på Stranda kai.