Tilleggsutbetaling – jordbruksoppgjeret

Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten vart ved årets jordbruksoppgjer samde om å kompensere inntektssvikten i 2022. Dette skjer gjennom ei ekstrautbetaling av produksjonstilskot. Ekstrautbetalinga av vert rekna ut på grunnlag av den ordinære søknaden om produksjonstilskot og blir betalt ut i september.

Stranda kommune har i dag etter ein gjennomgang av søknadene godkjent denne tilleggsbetalinga.

Dette vil seie at de får melding på Altinn.


Utbetalinga omfattar to ulike søknadsomgangar:

  1. Ekstrautbetaling - arealtilskot, distriktstilskot og slakt 2021: denne baserer seg på ferdigbehandla opplysningane som er godkjente opplysningar frå sakshandsamar i kommunen.
     
  2. Ekstrautbetaling - husdyrtilskot 2022: denne baserer seg på søkjar sine innsende opplysningar i mars (del 1). Dei opplysningane kan sakshandsamar erstatte med eigne opplysningar. Det kan vere aktuelt dersom det t.d. har vore gjennomført risikobasert kontroll og det er funne avvik mellom søkjar sine opplysningar og faktiske opplysningar. I Stranda er det ikkje gjennomført slik kontroll (vert her vanlegvis gjort på hausten). Skulle det etter ein slik gjennomgang vise seg å vere avvik, vil dette bli korrigert.

Spørsmål kan rettast til:
Inge Bjørdal
Tlf. : 464 11 023
E-post : inge.bjordal@stranda.kommune.no