Tilskot til fylkesvise klima- og miljøtiltak i jordbruket

Klikk for stort bilete  

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått fylkesvis tildeling innafor Klima- og miljøprogrammet i jordbruket. Ramma i 2021 er på kr 300 000.  

Formål med tilskotsordninga

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø. Prosjekta skal gje auka kunnskap om utfordringar og tiltak, effektive verkemiddel for næringa, god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og oppdatert rådgiving til næringa innan felta klimagassutslepp, klimatilpassing og vassmiljø

Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:

  • At produksjon av mat skal gå føre seg med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald
  • Å auke miljøbidraget frå landbruket, som kulturlandskap, biologisk mangfald knytt til kulturmark, binding av karbon og produksjon av biogass
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimaforhold, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og vareta produksjonsressursane

Kven kan søkje?

Føretak som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. Døme på aktuelle søkjarar er:

  • Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar)
  • Fag- eller næringsorganisasjonar mv.
  • Andre føretak

For å kunne søkje må føretaket vere registrert i Einingsregisteret.

Søknad må vere loggført i Altinn innan 15. mai 2021

Fyll ut søknad i Altinn med innlogging via ID-porten.

Prioriteringar for 2021

Statsforvaltaren ynskjer i 2021 fokus på følgjande område:

  • Avrenning frå landbruksjord og bruk av fangdammar
  • Landbruksplast, og nye ordningar for innsamling
  • Kunnskap kring klimaeffektane av regrøfting på oppdyrka myr

 

På denne lenka (https://www.bondelaget.no/miljoogklima/plast-i-landbruket/ ) kan ein finne mange gode idear til handtering av landbruksplast.