Tilskot til tidleg nedsanking - rovvilt

Tidleg nedsanking er eit tiltak ein kan få tilskot til etter avtale med Statsforvaltaren. Beiteområdet i Stranda, der det no har vore større tap, kan få tilskot til tidleg nedsanking.

Følgjande opplysningar trengst: Oversikt over området, beitebrukarar og om lag talet på dyr.

For tidleg nedsanking av beitedyr finst det ein nasjonal rettleiar som gir vilkår. Lenkje til rettleiar: Microsoft Word - Standard tidlig nedsanking versjon 14 05 07.doc

Merk at alle dyr i eit beiteområde må sankast ned.

I region 6 er normal sankedato sett til 15. september, og 10 dagar før det er 5. september. Dette er dermed siste sankedato som gir grunnlag for tilskot til tidleg nedsanking i region 6.

Det skal søkjast i ESS, men skjemaet er for tida stengt. Vi må difor gjere avtale med Miljødirektoratet om å opne det på eit gitt tidspunkt der beitelag/beitebrukarar kan leggje inn søknad.

Satsar: Forskrift om tilskudd til forebyggende tiltak mot rovviltskader og konfliktdempende tiltak (FKT-forskriften) - - Lovdata 

Lenkje til Statsforvaltaren sin heimeside: Rovvilt - førebygge skade og dempe konflikt | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal