Tilskotsordningar i landbruket – SMIL, drenering og tiltak i beiteområdeEtter ei ny omfordeling i fylket er det ledige midlar på SMIL (spesielle miljøtiltak i landbruket) og drenering. Desse midlane ønskjer vi å nytte lokalt – så vi oppmodar alle som har aktuelle prosjekt om å sende inn søknad!Fortløpande behandling av søknaderVi behandlar søknader etter kvart som dei kjem inn, så det er ingen grunn til å vente.Tiltak i beiteområdeDet vart dessverre ikkje tildelt nye midlar til tiltak i beiteområde denne gongen, sjølv om mange kommunar – inkludert Stranda – hadde søkt.Men det er ingen grunn til å gi opp: Har du eit prosjekt, så søk likevel! Erfaring viser at det ofte blir ledige midlar frå prosjekt som blir trekt.Ny søknadsrunde på nyåretI starten av neste år kjem det ei ny pott for alle tilskotsordningar, med søknadsfrist i mars. Det kan vere lurt å ha søknaden klar i god tid før det.Har du innspel?Vi ønskjer gjerne innspel til retningslinjer og vedtekter – til dømes:• Justering av satsar• Typar prosjekt som burde få støtteSend innspel til landbrukssjef Andrea Sundgot, eller til den rådgjevande gruppa, som består av representantar frå faglaga i kvart bygdelag (vanlegvis leiaren i bondelaget).Spørsmål?Ta gjerne kontakt dersom du lurer på noko!