Tusen takk til Arne Gotteberg

 Arne Gotteberg hadde i dag sin siste arbeidsdag som kommuneoverlege i Stranda. 

Det som skulle vere ein liten "bi jobb" som kommuneoverlege i Stranda, vart til ein nesten heiltidsjobb når pandemien kom i mars 2020 og Norge vart stengt ned. Mykje skulle lærast og mykje måtte gjerast i samband med ein pandemi som råka heile verda. Men Stranda har tross alt vore heldige, takka vere at vi har dratt lasset ilag med  innbyggjarane og næringslivet, noko som vi alle er takksame for. Stranda kommune vil takke Arne Gotteberg for den flotte innsatsen han har gjort i denne tida. 

Samtidig vil vi ønskje Aleksander Linge Sommerdalen velkommen som ny kommuneoverlege i Stranda!