
Har du eit prosjekt som fremjar ungdomsengasjement og som skaper eit variert fritidstilbod for ungdom i Stranda kommune? Då kan du søkje ungdomsrådet om ungdomsmidlar.
Kven kan søke?
Alle lag, organisasjonar, grupper eller enkeltpersonar som har hovudaktiviteten sin i Stranda kommune kan søke.
Kva slags type aktivitet?
- Aktiviteten må vere retta mot ungdom i alderen 10–25 år.
- Tiltaket må gjennomførast i Stranda kommune eller ha tydeleg lokal forankring.
- Det kan søkast støtte til nye og alternative ungdomsaktivitetar som ikkje får støtte frå det ordinære kommunebudsjettet. Prosjekt som fremjar inkludering, deltaking, kreativitet, frivillig innsats eller psykisk helse. Arrangement, kurs, verkstader, utstyr eller kampanjar retta mot ungdom.
Søknadsfrist
I 2026 er søknadsfristen 15. mars (frå 2027 er fristen 30. januar).
Søknaden
Send søknaden via digitalt søknadsskjema, evt. på e-post til eliops@stranda.kommune.no
Søknaden må innehalde:
- Kort prosjektbeskriving
- Målgruppe og målsetjing
- Budsjett og finansieringsplan
- Kontaktinformasjon