1. mars er søknadsfrist for barnehage og skulefritidsordning (sfo)

Søknadsskjema til både barnehage- og SFO plass finn de her:
https://foresatt.visma.no/stranda

13.02.2025 13.24

Utlysing av stimuleringstilskot til veterinærdekning - Stranda veterinærvaktdistrikt

Stranda veterinærvaktdistrikt (som omfattar Stranda og Sykkylven kommunar) oppmodar veterinærføretak til å søkje om såkalla Stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2025. 

Søknadsfrist:  17. februar  2025

Søknadsform

Det finst ikkje eige søknadsskjema for denne søknaden, men det er viktig at den er godt grunngitt utifrå kriteria som er definerte for ordninga, sjå nedanfor. Grunngjeven søknad skal sendast som e-post eller brev til kommunen.

 

Prosedyre

Når kommunen har fått inn slike søknader vil administrasjonskommunen (her: Stranda) gjere ei vurdering av desse på bakgrunn av dei kriteria som er sett frå Landbruksdirektoratet/ Statsforvaltaren si side. Administrasjonskommunen søkjer med utgangspunkt i søknader frå veterinærføretaka vidare til Statsforvaltar. Statsforvaltaren handsamar deretter innkomne søknader frå administrasjonskommunane, og sender ut vedtaksbrev elektronisk.

Landbruksdirektoratet definerer dei viktigaste kriteria for prioritering av søknadane slik:

-    Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar skal prioriterast

-    Lågt dyretal og krevjande infrastruktur bør vere blant kriteria for tildeling av tilskot

-    Stimuleringstiltaket skal vere tenleg for å medverke til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå
dyrehelsepersonell

-    At det er vanskeleg å rekruttere og halde på veterinær vil vere relevant å legge vekt på

Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er (1) etableringsstøtte, (2) driftsstøtte og (3) oppretting av kommunale veterinærstillingar der den tilsette også kan medverke til å løyse ulike oppgåver i dei kommunane der kompetansen til veterinæren kan nyttast. Men også (4) andre stimuleringstiltak kan vere aktuelle.

Dersom vi får inn fleire søknader, vil vi prioritere dei i tråd med desse kriteria. I tillegg kan kommunen bruke lokalt skjønn i si vurdering så lenge dette ikkje er i strid med vilkåra for stimuleringstilskot.

Statsforvaltaren skal ikkje tildele stimuleringstilskot som går over fleire år enn tilskotsåret, dvs. 2025.


Anna

Stimuleringstilskot kan ikkje nyttast til finansiering av andre ordningar som får øyremerka støtte over statsbudsjettet eller jordbruksoppgjeret. Det er til dømes ikkje høve til å nytte tilskotet
til vederlag for klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid eller til å dekkje kostnader ved veterinærreiser.