Utvikling i tal jordbruksføretak - fylkesstatistikk

Statsforvaltaren i M&R I 2021 har 2387 føretak søkt om produksjonstilskot i jordbruket. Dette er ein svak nedgang samanlikna med fjoråret og i tråd med utviklinga dei siste åra.

Til saman 2 387 føretak har søkt om produksjonstilskot i 2021. Det betyr at så mange har levert søknad i enten del 1 (mars), del 2 (oktober) eller både del 1 og del 2. Tilsvarande tal for 2020 var 2 415 og for 2019 var det 2 431. Av desse blir eit fåtal avslått eller avvist fordi vilkåra for å motta produksjonstilskot ikkje er oppfylt eller det er tomme søknader. Talet på avslåtte og avviste ser ut til å vere nokså stabilt (når litt over halvparten av søknadene for 2021 er blitt behandla). Vi kan dermed konkludere med at det er ein svak nedgang i talet på bruk i drift og at den nedgangen har vore stabil dei siste åra.

Husdyrproduksjon
Føretak som driv med mjølkeproduksjon har gått ned frå 678 til 660 siste året. Føretak som driv med ammekyr har gått opp frå 370 til 371. Det er litt overlapp i desse tala, då mjølkeprodusentar også kan få tilskot for ammekyr dersom desse er av kjøttferase.

1054 føretak driv med sauer. Tilsvarande tal for 2020 var 1059. Talet på geitmjølkprodusentar held seg også nokså jamt, ein nedgang frå 36 til 35.

Planteproduksjon
Planteproduksjon er viktig deler av fylket, sjølv om husdyrproduksjon dominerer samla sett. Talet på kornprodusentar er redusert frå 92 til 83. Talet på potetprodusentar er redusert frå 57 til 55. Talet på grønnsakprodusentar er auka frå 23 til 27. Talet på fruktprodusentar er auka frå 24 til 27. Talet på bærprodusentar er redusert frå 40 til 36.

Det er dermed kornproduksjonen som held fram trenden med jamn nedgang. Statsforvaltaren trur mykje av det skuldast at ein del av kornproduksjonen har skjedd på bruk som også har mjølkekyr og at desse har utvida mjølkeproduksjonen sin dei siste åra og dermed brukar ein større del av arealet sitt til grovfôr.