Varsel om kraftig vind i Møre og Romsdal

Meteorologisk Institutt går ut med varsel om svært kraftige vindkast i Møre og Romsdal for fredag 3. januar. (Oransje nivå)

Av varselet går det fram at utpå dagen fredag er eit stormsenter venta mot kysten mellom Trondheim og Lofoten. Vinden er venta å auke i sørvest full storm på kysten, og natt til laurdag dreie nordvest.

Meir infomasjon om varselet her.

Vi oppmodar om å sikre lause gjenstandar.