Vekstprogram - reiseliv. Tilbod frå Ålesund KunnskapsPark (ÅKP)

 

Stranda kommune har fått ein førespurnad om det er bedrifter i Stranda som kan tenkje seg å delta på eit samlingsbasert vekstprogram for reiselivsnæringa som dei planlegg til hausten.

Programmet vil ha plass til ca. 10 deltakande bedrifter. ÅKP skriv: 2 personar frå kvar bedrift er ønskjeleg. Den rette bedrifta er ei etablert reiselivsverksemd med fleire tilsette som ønsker å satse på berekraftig heilårsturisme. Med så få deltakarar tippar eg at først-til-mølla-prinsippet vil verte eit moment. Oppstart byrjar alt 27. august og eg må ha tilbakemelding i god tid før dette, helst snarast.

I vedlagt lenke finn du ei programskisse og ber om at de melder tilbake til Inge Bjørdal (M: 464 11 023 /E: inge.bjordal@stranda.kommune.no) om dette tilbodet er relevant og interessant slik at eg kan sende ei samla tilbakemelding over potensielle deltakarar til ÅKP.