Ver varsam med brenning av jonsokbål

   

Jfr. forskrift om brannforebygging §3 er det i tidsrommet 15. april til 15. september forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan å melde frå til kommunen.

Kontakt brannsjefen for å melde frå om bålbrenning.

Mange stadar er det no svært tørt og skogbrannfaren viser moderat fare, og er aukande til stor fare.
Brannsjefen ber derfor at folk viser aktsemd under jonsokfeiring og medfølgande bålbrenning.

Det kan være lurt i å utsette bålbrenninga til seinare.
Det er lovleg å nytte bålpanner og grillar.

Tende bål skal ikkje forlatast utan at det er sløkt. Det er den som fyrer opp bålet som er ansvarleg for bålet
Ta omsyn til vindforhold og ha sløkkemiddel lett tilgjengeleg,.

Dersom eit bål skulle kome ut av kontroll må ein varsle brannvernet ved å ringe 110.

Tips om bålbrenning: https://www.sikkerhverdag.no/brann/forebygge-brann/dette-ma-du-vite-for-du-tenner-bal/

 

Husk smittevernreglar også under jonsokfeiringa.

Ha ei god og trygg feiring!