Det nærmar seg årets TV-aksjonen. I år går midlane til Atlas-alliansen. Innsamlinga er søndag 19.oktober.
TV-aksjonen NRK Atlas-alliansen skal opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Saman skal vi opne dører og gi nødhjelp, utdanning og moglegheita til eit betre liv. Les meir her: https://tvaksjonen.no/aktuelt/atlasalliansen-2025/#itemid-92597
Elevar ved Stranda ungdomsskule stiller sterkt med svært mange bøsseberarar også i år, men vi manglar mange sjåførar til å skysse dei ut til rodene. Kanskje har du tid til å hjelpe og støtte elevane sitt engasjement? Om du heller ønskjer å gå med bøsse, vil vi også gjerne ha fleire bøsseberarar. Kanskje kan du ta med ein kollega, ven eller familien din ut på ein søndagstur med meining?
Meld deg gjerne her så snart som mogleg, så tek vi kontakt: Registrering
Oppmøte på Frivilligsentralen (Kyrkjegata 23, BYRG, 2.etasje) søndag 19.oktober mellom kl. 15:30-16. Sjølve oppdraget tek cirka 1,5-2 timar alt etter rodene/området ein får utdelt. Innlevering i Sparebanken Møre sine lokale når ein er ferdig med si rode.
For innbyggarar i Sunnylven, Geiranger og Liabygda er det eigne oppmøtestader.
Takk til alle som har stilt på tidlegare! Håpar mange stiller dette året også. Vel møtt til ein søndagstur med meining!
Ta kontakt med Ragnhild Stadheim v/ Stranda Frivilligsentral om de har spørsmål til aksjonsdagen.
